Skarpedin Inviterer til Odda – Bø, 7. Juli

Skarphedin ønsker å inventere til årets ritt Odda-Bø. 07 juli 2012. Et godt tips ta med familien til Bø og vi har busstransport/sykkel transport fredag til Odda. Mens man eller fruen i familien sykler kosser resten av familien seg i sommerland. Vi håper du blir med!

Løypetraséen (220 km)

Etter starten går rittet langs Sandvinvatnet, før stigningane startar opp mot Låtefoss. Vidare forbi Steinaberg bru brattare og smalt inntil ein kjem ut på E134 frå Haugesund. Deretter opp Seljestad, utanom tunnelen, altså over Røldalsfjellet, og ned dei bratte og svingete Røldalsbrekkene. Saftstasjon i Røldal sentrum etter ca. 40 km. Vidare opp den bratte Austmannlia, litt mindre bratt opp mot og gjennom Svandalsflonatunnelen, så i lettare terreng fram til Dyrskar og løypas høgste punkt 1133 moh. Traséen går her utanom Haukelitunnelen på fast, men grovt dekke, og vegen er smal og svingete ned frå Dyrskar før ein kjem ut på hovudvegen att. Neste matstasjon ved inngangen til Vågslidtunnelen etter ca. 80 km. Resten av vegen har godt dekke, og det kan gå svært fort ned mot Haukeli. I Grungedal er rittet halvkjørt, og det er kort veg til saftstasjonen ved Vinje samfunnshus.

Nå ventar ei kort strekning med stigningar, men frå Bøgrend er det lett terreng fram til Åmot, ca. 80 km frå mål. Etter nesten ei mil med motbakkar opp Grønliheii, går det så lettare ned til Seljord der det er mat og vaflar ved Gjest’n Kro. Dei siste tre mila går i småkupert terreng langs Seljordsvatnet og over Øvrebøslettene til Bø. NB! Målgang ved høgskulen, skarpt til høgre øvst i Bøgata.

En god skildring av dette løpet er skrevet av Dejan i Team Kjekkas etter fjorårets ritt: http://www.teamkjekkas.com/arkiv_110705Odda.php

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *